Bakgrunn for tildeling av heidersteikn:

Nilmar var svært godt likt av studentane og ein trufast deltakar på Aarhønefestane. På ein av Aarhønens festar skal han gått heim før midnatt og unnskyldt seg med at han hadde lova kona å komme tidleg heim. Han kom tilbake ein time seinare, med hunden på slep, og skal ha kommentert; “Jeg sa jeg skulle lufte bikkja”, og blei til stengetid.

I 1966 blei Nilmar utnevnt til Minister for jordnære og utglidende anliggender og Regent i 1970, ein posisjon han satt i til 1976. I 1971 mottok to greiner av smertens leie grunna misnøye rundt å ha ein Regent med berre ein grein. 

Nilmar var ein revolusjonerande geoteknikar, og doktorgradsavhandlinga hans er fortsatt ein av Harvards mest solgte publikasjonar. 

Tittelforklaring:

Glidesirkelen var fundamentet i Janbus direktemetode, som var eitt av hans største bidrag til geoteknikken, og han fekk derav tittelen: H.H. Glidesirkelen.

Tildelt:

1962 – Hennes Majestets 49. fødselsdag

2stk i 1971 – Hennes Majestets 58. fødselsdag