Nye Strossa – Lounge, gin og god stemning

Previous slide
Next slide

Bilder tatt av samfundet.no

Tre veker har gått sidan opning av UKA-19 sitt byggeprosjekt. Etter Bodegaen i 2015 og Selskapssiden i 2017 sto no Strossa for tur til å bli renovert. Det var fleire lokale som blei vurdert som byggeprosjekt, før valet igjen falt på det nederste lokalet på Samfundet. For Strossa vart også valt som byggeprosjekt under både UKA-03 og UKA-09, utan at det førte med særleg suksess.

Heilt sidan Strossa blei grava fram under UKA-67 har det gått gjennom fleire ulike stilar. Frå å vere diskotek og bar med topplaus servering og strippeshow på 60-talet, gjekk hovudfokuset til matservering på 80-talet. Strossa var eit offentleg lokale fram til studentane overtok drifta i 2000. Ni år seinare, under byggeprosjektet til UKA-09, vart Strossa renovert som eit bedpreslokale. I 2011 blei mykje av interiøret skifta ut, og skifta konsept til ein chill-out lounge. Det har også blitt gjort mindre oppgraderingar for å lokke til seg studentane til dette lokalet, utan at det har vore så veldig vellykka. Strossa har nemleg vore det lokalet med minst omsetjing på Samfundet, og av den grunn er det ekstra spennande når dette kjellarlokalet no igjen har fått seg eit løft.

Med eit budsjett på rundt millionen har Strossa gått frå å vera ein hiphop-prega spritbar til ein varm og koseleg ginbar med både biljard, shuffleboard og eit breitt utval av brettspel. Etter ein støvfull riveperiode i vår, starta oppussinga heilt frå grunnen av. Nytt golv og nye takplater vart lagt, og nye fargar på veggane ga Strossa fort eit nytt liv. Det blei laga ein ny bar og DJ-bås, ny trapp blei montert, og det vart bygd ein eigen stasjon der ein kan forsyne seg med vatn. Det blei snekra både sittebåsar og sofaar, som gir gode moglegheiter for å sitte og kose seg med eit spel, eller berre prate med kvarandre over ein drink. Det meir skjulte, elektriske arbeidet gjorde Strossa til eit lysare lokale ved hjelp av downlights og lamper, og resultatet vart ei totalforandring av 20-årslokalet i kjellaren.

10 000 timar planlegging vart lagt ned, og innspurten bestod av seks veker med til saman 6000 timar bygging med arbeid døgnet rundt. Med fleire opptak og arbeidsperiodar enda byggeprosjektet for ei veke sidan med rundt 60 godt fornøygde studentar som kunne senke skuldrane etter ein hektisk intensivperiode. Med byggstudentane godt representert klarte denne gjengen å stille lokalet klart med god margin til opninga natt til torsdag 3. oktober. Etter ei vekes tid med drift er det ingen tvil om at husets nye spelkjellar har blitt godt motteke. Folk har strøymd til lokalet, og tilbakemeldingane er særs gode. Så har du ikkje vore på Strossa etter nyopninga endå? Då veit du kva du har å gjere!