Wanderlust – Reisebrev frå Aachen

Guten Tag Trondheim! Was ist los? Imponerande eller? Flytande i språket etter ein månad og greier. Kven hadde trudd at etter så kort tid i utlandet, hadde ein blitt så god på Google Translate.

Eg heiter Ådne, går i fjerde klasse på Veg, Transport og Geomatikk, og skal det neste året vera utvekslingsstudent i den tyske byen Aachen. I dette brevet skal eg prøva å fortelja litt om den nye skulen min, RWTH, og plassen eg har flytta til. Men før eg gjer det må eg nett ta opp ein viktig sak, nemleg revy. Sidan eg ikkje har mulighet til å oppfordra folk til å bli med på revy heime på Lerka, så tar eg den muligheten eg får her. Bli med på Byggrevyen folkens! Er det ein ting som gjev eit utvekslingsår litt bismak, så er det at eg ikkje får vera med på vinterens vakraste eventyr, Byggrevyen 2020. Meld deg på, og takk meg seinare. 

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScwDdJ3QbQqp505OHiCxFWRlNjCqj-OJsWjVa0Gy_XMI-gfyg/viewform 

Har du aldri høyrt om Aachen? Vel, det hadde heller ikkje eg før prosessen med å søka utvekslingsplass starta. Aachen er ein søt liten by på størrelse med Trondheim, sør-vest i Tyskland heilt på grensa til både Nederland og Belgia. Aachen er ein av Tysklands mest attraktive studentbyar, sjølv om det ikkje bur så mange folk. Med andre ord ganske likt som Trondheim i Norge. Mykje av grunnen til dette er skulen eg går på, RWTH, som er eit av dei mest prestisjefylte tekniske universiteta i Tyskland. Her går det ca. 45 000 studentar, noko som utgjer brorparten av byens 50 000 studentar. Ettersom vêret også er nokså likt det me har i Trondheim, så har eg eigentleg konkludert med at eg har flytta til Tysklands Trondheim.

Mykje av grunnen til at eg valde å reisa på utveksling til RWTH var spesialiseringa eg ønskte å fordjupa meg i, jernbane. Tyskland er eit av dei fremste landa når det kjem til både produsering og prosjektering av ting knyta til jernbane, og RWTH har eit av dei største fagmiljøa. Men skule var sjølvsagt ikkje den einaste grunnen til at destinasjonen blei Aachen. Øl er så billig (50kr for 6-pack) at ein norsk hobbyalkoholikar som meg kan lett velja å ta ein pilsner til alle måltid, utan at studentlommeboka blir skrapt tom. Både mat, husleige, transport, trening og meir er også alle ting som ein nordmann stoppar og tenker på som: “Hah, der sparte eg X-antal kroner i forhold til prisen i Norge”.

Er du fotball-interessert er også Aachen ein svært god plass å bu. Laget i byen, Alemannia Aachen, er ikkje mykje å skryta av, men i ein omkrets på 2,5timars togtur finn ein 7 Bundesliga-lag. Når ein også får med gratis transportkort for heile staten (Nordrhein-Westfalen) for skulepengane ein betaler, så blir utgiftene for både fotballturar og andre reiser svært rimelege. Aachen ligg også svært ideelt plassert om ein vil reisa til byar som Brussel, Paris, Amsterdam, og mange andre. Lyntog på store delar av tognettet gjer óg at du både kan reise raskt samtidig som du får sett store delar av kontinentet.

Og når ein er i Tyskland i slutten av september er det ein ting som burde vera obligatorisk, Oktoberfest. Eg reiste derfor på besøk til to av VTG’s andre tyske utsendingar, Simen og Jon, som skal bu i München det neste året. Her stilte også ein av VTG’s italienske utsendingar, Ole. Tre dagar med tyske øltelt, lederhosen, og karusellar var den perfekte starten på livet i Tyskland. I tillegg fekk me jo også, som illustrert i ei tidlegare utgåve av spikers, pleid bromancen vår 😉

Med det håpar eg dokker har fått eit lite innblikk i korleis det er å bu i “Tysklands Trondheim”. Og dersom det er nokon som kunne tenkt seg å reisa på utveksling til Aachen neste år, så er det berre å senda meg ein melding. Auf Wiedersehen!