Bakgrunn for tildeling av Heidersteikn:
Arne var fødd i Bamble, men vaks opp på Voss og Fana. Han blei uteksaminert frå byggstudiet i 1934. Grunna børskrakket i USA i 1929 gjekk han inn i ein dårleg arbeidsmarknad etter studiene. Etter å ha jobba som bygningsarbeidar på Gjøvik fekk han jobb hos i bruavdelinga til Statens Vegvesen i 1935. Arbeidet hengebruer ga han graden dr.techn. i 1946. Denne kompetansen var særs viktig i gjennoppbygginga av landet etter den andre verdskrigen.
Arne var professor ved NTH mellom 1949 og 1979, samt rektor ved same institusjon mellom 1963 og 1969.
Arne var ein svært populær og merittert professor. Han var kjent for teoritung undervisning og industriretta forsking. Mellom 1977 og 1985 var han formann for ISOs komité for prosjektering av konstruksjonar i stål og aluminium. Han skreiv også fleire lærebøker nytta i undervisningen.
Han var kjent som ein svært streng sensor, noko som var reflektert i det store behovet for kontinuasjonseksamenar.
Arne var aktiv i Aarhønen, både som professor og rektor, og skal ha vore fast deltakarar på bursdagsfesten. Hausten 1933 var han formann. Som del av det nye Regentskapet i 1966 blei han utnevnt som Minister for stryk og kontinuerlige anliggender.
Tittelforklaring:
Arne var professor innan brukonstruksjonar og var kjent for å nytta alle bokstavane i det greske og latinske alfabetet. Nokon vonde tunger skal ha det til at han i undervisninga kalla alle dei greske bokstavane for gamma.
Tildelt:
1953 – Hennar Majestets 40. fødselsdag
1963 – Hennar Majestets 50. fødselsdag
1966 – Hennar Majestets 53. fødselsdag