Bakgrunn for heidersteikn: 

Asle blei uteksaminert frå NTH i 1948. Etter fem år i anleggsbransjen blei han laboratorieingeniør ved Materialprøvningsanstalten ved NTH. Han fekk seinare ein amanuensisstilling og, seinare, høgare, sentrale administrative stillingar. 

Han var godt likt blant studentane. Som del av det nye Regentskapet i 1966 blei han utnevnt som Minister for ceremonielle og pompøse anliggender. Med dette tok han over Ole Peder Arvesen (H.H. Comme il faut) sin stilling som ceremonimester, med ansvar for immatrikuleringsseremonien. 

Tittelforklaring:

Som laboratorieingeniør og amanuensis innan materialteknologi var han med å introdusera mang ein byggstudent til det berømmelege fluidet betong og materialets herdeeigenskapar.

Tildelt:

1963 – Hennar Majestets 50. fødselsdag

1968 – Hennar Majestets 55. fødselsdag