Bakgrunn for heidersteikn: 

Tor blei uteksaminert frå NTH i 1974. Han presterte å få eit av dei beste resultata som nokonsinne var oppnådd ved Bygningsingeniøravdelinga ved NTH: Eksamen med innstilling til Kongen (hovudkarakter 1.3 og 1.0 på diplomoppgåva).

Etter studia begynte han som vit.ass. ved instituttet. Han valgte vekk ein akademisk karriere og begynte hos Østlandskonsult i Fredrikstad. Etter tre år begynte han å arbeida ved Sintef Trondheim, mellom anna saman med Kolbein Bell (H.H. Studenten i Focus). I 1987 blei Tor fyrsteamenuensis ved NTH innan konstruksjonsteknikk/-informatikk.

Tittelforklaring:

Bakgrunnen for tittelen er uviss.

Tildelt:

1974 – Hennar Majestets 71. fødselsdag

2000 – Hennar Majestets 87. fødselsdag