Bakgrunn for heidersteikn:
Thea har vore økonomiansvarleg i både Jubileumskomitèen til 100- og 105-årsdagen til Hennar Majestet. Ho har også vore økonomiansvarleg i Byggrevyen. Thea skal ha vore så interessert i økonomi at ho tok eit “friår” frå byggstudiet for å studera økonomifag. Som økonomiansvarleg i Byggrevyen investerte ho i kjøkkenutstyret til velferd. Søknaden til Fondet skal ha vore av den mindre imponerande sorten.
Thea var også med i Omstruktureringskomitèen. Ho var spesielt viktig i arbeidet med dei mest sentrale stattutane. For dette ber ho den sjølvtitulerte tittelen “Statuttbabe”. Som student var Thea også svært aktiv på Samfundet. Vonde tunger vil seia at omtruktureringa gjorde at Aarhønen begynte å minna veldig på organisasjonen i Cassa Rossa.
Tittelforklaring:
Blant sivilingeniørstudentane kan økonomifaget ofte oppfattast som eit mysterium. Thea var kjent for evnen til å tenka systematisk, og å ha eit blikk for detaljer i både rekneskap og paragrafar. Ho var, med andre ord, ein ekspert i bokholderi!
Tildelt:
2018 – Hennar Majestets 105. fødselsdag