Bakgrunn for heidersteikn:  

Allereie i 1. klasse blei Fredrik Blæstesjef i Krostyret. Her skal han ha sendt ut ein e-post som på det klaraste oppfordra til å delta på russefesten på Kristiansten festning. I ettertida har politiet i byen referert til dette som den verste russefesten dei nokon gong har opplevd.

Deretter blei han Redacteur og seinare Kanzler i Hovudstyret.

Fredrik skal ha blitt trommis i ByggBang gjennom skriftleg søknad. Ryktene seier at hovudgrunnen til at han fekk stillinga var fordi Kapellmesteren syntest han likna veldig på muppeten Animal (det er vakkert og du bør google det).

Tittelforklaring:

Fredrik dro ofte innom ulike hurtigmatsetablissement etter ulike festlegheiter. Etter ein fuktig kveld i Åre skal han ha vakna opp med 8 stk cheeseburgerpapir i fotenden og 5 stk cheeseburgarar i påvente til morgonen. Kvifor åt han så mange? Jo, fordi han var redd for at nokon andre skulle stela dei frå han. 

Tildelt:

2012 – Hennar Majestets 99. fødselsdag