Bakgrunn for heidersteikn:
Erik var overingeniør og, etter kvart, direktør på Bygningsingeniøravdelingen ved NTH/NTNU. Han var også studentrettleiar på si. Han var kjent for sitt engasjement og arbeidskapasitet. Det seiast at instituttet måtte tilsetta 3-4 personar for å erstatta han då han gjekk av med pensjon.
Erik var kjent som eit vennleg og positivt menneske, som alltid hadde eit smil på lager. Han var også kjent for å laga mindre opptrinn. Under immatrikuleringsballet i 2011 skal han ha smakt på fy-drikken og erklærte, med stor overtyding, at brygget hadde kompleks bouquet, utsøkt farge, tiltalande aroma og ettersmak.
Frå 1993 var han Overpunsjbollemester.
Tittelforklaring:
Som direktør ved Bygningsingeniøravdelingen var han administrativt tilsett ved avdelinga og utførte ein byråkraktisk oppgåver, trass i hans doktorgrad i Husbyggingsteknikk. Han har derfor fått høgheitsnamnet H.H. Byråkraten.
Tildelt:
1990 – Hennes Majestets 77. fødselsdag
2013 – Hennes Majestets 100. fødselsdag