Bakgrunn for heidersteikn:
Som del av NTHs fyrste kull (Millionærene) blei Fredrik uteksaminert i 1914. Etter endt studier jobba han med vasskraftsprosjekt som Saudafalla og Skarsfjord kraftverk. I 1924 leverte han doktorgraden om svingekammer ved NTH. Fram til 1931, då han blei professor i mekanikk, holdt han ulike akademiske stillingar ved NTH. Fredrik var kjent for hans høge arbeidskapasitet og produserte over 50 vitskaplege arbeidar mellom 1924 og 1943.
I 1936 blei Fredrik valt til rektor ved NTH, men han trekte seg i 1941 i protest mot okkupasjonsmakten. Olav Heggstad (H.H. Watsproof) tok over stillinga fram til mai 1945, då Fredrik bei gjenvalt. I 1943 flykta han til Storbritannia, og han blei sagt opp av okkupasjonsmakta i 1944.
I løpet av eksilen i Storbritannia leia han Stortingentets nedsette industrikomitè, der han gjekk inn for utnytting av kraftpotensialet til industriutbygging. I 1947 blei han generaldirektør i NVE, som på dette tidspunktet kunne påta seg eigne utbyggingsprosjekt. I løpet av Fredriks generaldirektørtid bygde staten ut Aura i Møre og Romsdal, Røssåga i Nordland og Tokke 1 i Telemark. Statens produksjonskapasitet åleine i auka frå 2000 til 8000 GWh i løpet av Fredriks generaldirektørtid.
Som professor og rektor var han opptatt av utviklinga av NTH og studentanes velvære. Han var også ein svært populær forelesar. Til 25-årsjubileet ga Fredrik og resten av Millionærene møteklubben til Aarhønen.
Tittelforklaring:
I løpet av det fyrste tiåret med ridderorden og æresmedlemskap var det vanleg at ein fekk sitt eige namn som høgheitsnamn.
Tildelt:
1931 – Hennar Majestets 18. fødselsdag