Bakgrunn for heidersteikn: 

Jan blei uteksaminert frå NTH i 1947. Før studia hadde han hatt praksis hos Kvernær og Myrens. Under krigen blei han involvert i motstandsarbeid på NTH, og i 1943 rulla Gestapo opp fleire illegale organisasjonar knytta til NTH-miljøet. Jan kom seg over til Sverige og inn i politistyrkene. Våren 1946 var han Formann i Aarhønen. Etter studia spesialiserte Jan seg vidare innan vasskraftutbygging i Sveits. Seinare spesialiserte han seg også innan geoteknikk. 

I 1938 grunnla far til Jan, m. fl., Norsk Teknisk Byggekontroll (NOTEBY). I 1954 tok Jan over som dagleg leiar etter faren. I 1963 kjøpte han, m. fl., ut grunnleggarane. I 1966 gjekk selskapet inn i Norconsult. I 1990 fusjonerte NOTEBY seg med Multiconsult.

Tittelforklaring:

Høgheitstittelen er truleg eit ordspel på etternamnet til Jan, Friis, samt hans forholdsvis store øyrer. 

Tildelt:

1947 – Hennar Majestets 34. fødselsdag