Bakgrunn for heidersteikn: 

I Aarhønen har Andreas vore med i Byggrevyen, AKT-styret, 100-årsjubileum, 105-årsjubileum, ByggVerksted, Krogjengen og som Nettmester i Hovudstyret. Utanom dette har han vore med i UKA, ARKSamfundet, leiar av IAESTE og DNV fuel fighter.

På toppen av dette har han deltatt i dei berykta rumpesketsjane på Immatrikuleringsballet, samt vore ein gjengangar på Høna. Ifølge Hennar Majestet er det berre ho sjølve som har tilbragt mer tid på Aarhønekontoret. Der tvang han intetanande byggstudentar inn for å høyra på hans lange og usamanhengande anekdotar.

Likevel er det frå revyen dei fleste kjenner han. Andreas har til saman deltatt i 12 (!) revyar på bygg. Dette inkluderer åtte år i Byggrevyen, to jubileumsrevyar og ein 24-timersrevy. Han var også med i den berykta oppsetninga på Veidekkes julebord. 

Andreas har ikkje vore Abbedisse i Beton.

Tittelforklaring:

Andreas bidrog, gjennom mange år, til å dra studentane vekk frå skulebenken for å vera med på alle hans sprell og gjøglerier. For eksempel Prokastineringskalenderen (kor han la ut oppgåver som kunne løysast istadenfor eksamensoppgåver) og byggs (elektriske) “drill-tropp” i 17. mai-toget. Gjøgleriet fann stad på Samfundet, Høna eller Verkstedhallen. Han er derfor tildelt tittelen H.H. Gjøgleren av Verkstedhallen.

Tildelt:

2018 – Hennar Majestets 105. fødselsdag