Bakgrunn for tildeling av heidersteikn:

Tore blei uteksaminert frå NTH i 1979. Etter studia jobba han so vit.ass., før han i 1981 begynte i Statens Vegvesen. Der var han inntil 2013, for å kunne jobba som studieprogramleiar ved instituttet. 

Før han begynte ved NTNU var han leiar for kompetansesenteret til Statens Vegvesen, og hadde dermed god innføring i Næringslivsringen og studiekvardagen i Trondheim. Han var også sensor og rettleiar på diverse masteroppgåver.

Mellom 1987-91 var Tore prosjektleiar for eit prøveprosjekt med elektroniske bomstasjonar. 

Tittelforklaring: 

Høgheitsnamnet kjem frå ein presentasjon om seg sjølv før han skulle vera reiseleiar til Singapore ved namnet: Fra grindgutt til trafikkdirektør.

Tore var grindgutt etter eit stort leirras i 1962, som førte til ein valdsam trafikk av folk som ville sjå. Og vegen inn var full av grinder. Så då stod han og opna grinder mot betaling. 

Tildelt:

2015 – Hennar Majestets 102. fødselsdag