Bakgrunn for tildeling av Heidersteikn:

Roar var fødd i Trondheim i 1893 og begynte ved byggstudiet i 1911. Han blei uteksaminert i 1915. Roar var dermed med i Aarhønens fyrste kull.

Etter studietida blei Roar tilsett ved Aug. Pellerin fils & Co. A/S, der han jobba seg opp frå assisterande ingeniør til administrerande direktør. Fabrikken produserte margarin, som var så populært i Norge at danskane kalla det, noko nedlatande, for “norsk smør”. 

Som medlem av det legendariske 1915-kullet var Roar aktiv i Aarhønen frå dag 1. Etter studietida skal det ha blitt arrangert Aarhønefestar hos Roar på Smestad i Oslo, samt Eeg-Henriksen (H.H. Eeg-baronen), Eika (H.H. Middelkvadratfeil) og Einar Ring. Det er uvisst når han blei ein del av regjeringa, men han satt fram til kroningsseremonien i 1966. 

Tittelforklaring: 

Roar var innanminister i den fyrste regjeringa til Aarhønen, og fekk dermed tildelt tre greiner av smertens leie og høgheitsnamnet H.H. Innenriksministeren.

Tildelt:

3 stk 1966 – Hennar Majestets 53. fødselsdag