Bakgrunn for heidersteikn: 

Edvard blei uteksaminert frå NTH i 1916. Han var Formann våren 1915, og var dermed Aarhønens andre Formann. Etter studiene jobba han med betongkonstruksjonar, som bruer. I 1928 grunnla han konsulentfrimaet Harboe og Leganger. Dei hadde oppdrag med Ringvoll Sanatorium, Skipsmodelltanken og Trondheim Tinghus. Han var også konsulent for Samfundets betongkonstruksjonar.

Tittelforklaring:

I perioden 1922 til 1937 underviste Edvard i jernbetong, brubygging og bygningsstatikk. Ein moderne ekvivalent er ein Professor II.  Ein jernbindar blir i dag kalla betongfagarbeidar. Undervisninga i er betong er truleg bakgrunnen for tittelen H.H. Jernbinderen. 

Tildelt:

1938 – Hennar Majestets 25. fødselsdag