Bakgrunn for heidersteikn:
Jon blei uteksaminert frå NTH i 1957. I løpet av studietida var han Kantzler (økonomiansvarleg). Han var ein viktig bidragsytar for at Aarhønen fekk ein betre økonomi i løpet av 50-talet.
Han var kjent for å leia “nattlige, støyende og ildsfarlige opptog gjennom byens gater”.
Tittelforklaring:
Jon var kjent for hovudplagget han brukte når gradestokken tyda vinter. Han brukte ei skinnlue, som er skildra som “uhyrlig misfoster av en skinnlue […] Et konglomerat av ull i sekkestrie i grønt, gult, svart, rødt og brunt.” Problemet var at Jon framleis brukte denne grusame hovudplagget når varmen og fuglane kom tilbake.
Det var også inngått eit veddemål, om viss han tapte eit kappløp på interasjonale distansar ville han eta hatten sin.
Tildelt:
1956 – Hennar Majestets 43. fødselsdag