Bakgrunn for heidersteikn:
Torgny blei uteksaminert frå NTH i 1920 og blei umiddelbart tilsett som vitskaplegassistent i brubygging og bygningsstatikk. I 1922 begynte han i Telemarks vegvesen, før han, i 1937, blei avdelingsingeniør Akershus vegvesen. Mellom 1928 og 1930 var han stipendiat innan teleproblematikk. I 1948 blei han dosent i veg- og jernbanebygging ved NTH. Han var også lærar i vegbygging, geoteknikk og fundamentering ved Trondhjems tekniske mellomskole.
Som student var Torgny aktiv på Samfundet. Han var ofte på møtene, “uten dog nogensinne å oplate mine asenes kjeveben for å delta i diskusjoner eller lignende åndlig idrett”.
Tittelforklaring:
Bakgrunnen for høgheitsnamnet er uviss.
Tildelt:
1950 – Hennar Majestets 37. fødselsdag