Bakgrunn for heidersteikn: 

Per blei seinare administrerande direktør for Statens bygge- og eiendomsdirektorat, som han leia mellom 1982 og 1994. I slutten av perioden omorganiserte han direktoratet om til Statsbygg. Han har også vore professor II, direktør i EBA og starta eige firma.

Tittelforklaring:

Då Per var valt til å svinga formannsklubben i 1967 (les: Formann), inviterte han dåverande professor Arne Selberg (H.H. γ) , til å foredra om norske hengebruer. Av praktiske grunnar blei møtet laft til Sentralbygget, og rektors samtykke til alkoholservering og innkjøp var dermed nødvendig.

Med sin utsøkte sans for humor ville Selberg , trass stor pågang, berre tillate skjenking av lagerøl, eit brygg som elles ikkje er kjent i studentkrinsar, korkje til kvardag eller fest. Ein heil kasse av dette utsøkte skvipet blei kjøpet, men vakte, som venta, liten begeistring frå studentane. 

Moralen er, tag deg aldri vatn (eller tynt øl) over hovudet…

Tildelt:

1968 – Hennes Majestets 55. fødselsdag