Bakgrunn for heidersteikn:  

Arne var fyrsteamanuensis og seinare professor innan stålkonstruksjonar ved NTNU. Han har også vore leiar for arktisk teknologi ved UNIS – Universitetssenteret på Svalbard.

Tittelforklaring:

I ein tale hadde han rekna ut kor mange som begynte på studiet, kor mange som slutta, kor mange som kom til frå høyskole og kor mange som tok ut master. Resultatet blei ein differanse på 12 i negativ favør. Desse stakkars 12 fekk ikkje noko sympati fra Arne, berre ein kald replikk om at han håpa dei hadde funne noko fornuftig å via liva sine til.

I ein anna samanheng har Arne også foreslått eit karriereval som løvblåsar dersom mekanikken ikkje skulle falle i smak.

Tildelt:

2012 – Hennar Majestets 99. fødselsdag