Bakgrunn for heidersteikn:  

Einar blei uteksaminert frå NTH i 1955. Etter studia begynte han som rådgivande ingeniør hos far sin i Svolvær. Seinare etablerte han Einar Grann-Meyer Consulting & Development, som blei verdsleiande innan VA- og petroleumstenester.

Tittelforklaring:

Einar var også ein svært habil pianist, eit kjærleiksforhold som varte livet ut. Han var dermed det naturlege midtpunktet då han spelte opp til dans på studentfestane. H.H. Musikus var derfor eit naturleg høgheitsnamn. 

Tildelt:

1955 – Hennar Majestets 42. fødselsdag