Bakgrunn for heidersteikn:  

Tron blei uteksaminert frå NTH i 1962. I løpet av studietida satt han i diverse styrer og var, mellom anna, viseformann. Han prøvde å bli Formann ved fleire høve, men vann aldri på generalforsamlinga.

På ein bursdagsfest skulle han halda ein tale til det kvinnelege kjønnet, representert med H.M. Han satt i bordenden med beina splitta av eit bordbein og det blei servert ryper. Han skal ha sagt: “Hva mer kan jeg ønske meg – her sitter jeg  jo med en rype i fanget og et ben mellom låra.”

Seinare bygde han ut kraftanlegg i Suldal, Seljord og Sirdal/Kvinesdal. I 1970 flytta han til Lanzarote for å bygga infrastruktur til potensielle turistbyar som Playa Blanca.

Tittelforklaring:

Norsk Polar Navigasjons begynte med boring etter olje i Grønfjorden i 1963. Sommaren året før hadde Tron jobba med helikopterleiting av potensielle oljekjelder. Då han kom tilbake til Trondheim fortalte han gledeleg historiar om då han va Oljekonge på Svalbard.

Tildelt:

1962 – Hennar Majestets 49. fødselsdag