Bakgrunn for heidersteikn:
Ingar blei uteksaminert frå NTH i 1916. Han var tilsett i diverse byggeleiarjobbar i Tønsberg fram til 1927. Etter dette var han byingeniør i Molde fram til 1938, og deretter kommune- og byingeniør i dagens Sandefjord kommune fram til 1947. Då blei Ingar byingeniør i Trondheim etter Trygve Thesen (H.H. Sluppenhead).
Som student var Ingar aktiv på Samfundet. Han var redaktør for den handskrivne avisa som kom før Under Dusken. Han var også med i Samfundsstyret i 1913, mellom anna som Viseformann.
Om studenterlivet skreiv han: “[Det] setter sig dypt i ens sjel, og hvor to og to kommer sammen kan samtalen går samtalen lett tilbake til den gang. Studenterlivet skapes fra år til år, og mitt beste ønske for det er at det må alltid gi et billede av tidens ungdom, alltid friskt og alltid i utvikling.”
Tittelforklaring:
På 1960-talet blei 91 gylne nagler hamra inn i kloden for å markera overgangane mellom jordas geologiske epokar. Bakgrunnen for høgheitsnamnet er elles uviss.
Tildelt:
1956 – Hennar Majestets 43. fødselsdag