Bakgrunn for heidersteikn:
Hans blei uteksaminert frå NTH i 1940. I 1939 var han ansvarleg konstruktør fore det fyrste UKE-tårnet. Han starta dermed (den nå daude) tradisjonen at byggstudentane skulle bera tårnet gjennom byen før oppsetting på Trondheim Torg.
Mellom 1950 og 1955 jobba han ved Norges byggforskingsintitutt. Etter dette blei Hans var professor i bygningsteknologi ved NTH, noko han var fram til 1982. Han var også prorektor frå 1963 til 1964 ved NTH.
Nokon av forkingsområda hans var prefabrikasjon og systembygging, modulsamordning og standardisering, bruk av plast og aluminium i bygninger, økonomisk varmeisolering og energibruk i bygningar.
Tittelforklaring:
Forskingsinnsatsen til Hans var med på å legga grunnen for innføringa av lette, velisolerte trekonstruksjonar i boligbyggingen i 1950-åra. Høgheitsnamnet er truleg ein referanse til bidraget, samt hans noko spinkle kroppsbygning.
Tildelt:
1963 – Hennar Majestets 50. fødselsdag
1966 – Hennar Majestets 53. fødselsdag