Bakgrunn for heidersteikn: 

Harald blei uteksaminert i 1916 som bygningsingeniør ved NTH. Han var ein del av det fyrste Aarhønekullet. Han var tilsett hos professor Heggstad (H.H. Watsproof) i Trondheim mellom 1916 og 1922. Mellom 1922 og 1924 var han tilsett i Trøndelag fylkes elektrisitetsforsyning (nå: TrønderEnergi). Dei påfølgande 15 åra var han knytta til NTH, mellom anna som assistent innan jernbetong og massivbruer.

Etter å ha jobba ved fleire anlegg i det nordlege Norge, blei Thon i 1952 direktør ved Eidsfoss jernverk. Der jobba han fram til 1960.  Far hans, Christian Thon, kjøpte jernverket i 1896. Det er i dag eit museum. 

I 1928-1929 var han i Møte- og Merkekomitèen, som etablerte prosedyren for opphøging av høgleikar. Det er ukjent om han var Viseregent, men han var uansett eit svært viktig mellomledd mellom Regentskapet og studentane i mellomkrigsåra. 

Harald mottok saltskåla frå sine tidlegare klassekameratar på bryllupsdagen.

Tittelforklaring:

Skjerkrafta er ei svært viktig element i statikken, spesielt betong. Som assistent innan jernbetong var høgheitsnamnet dermed naturleg. 

Tildelt:

1929 – Hennar Majestets 16. fødselsdag

1933 – Hennar Majestets 20. fødselsdag