Bakgrunn for tildeling av heidersteikn:

Etter å ha begynt på studiet Fornybar Energi, såg Anna lyset og blei tatt under hennar majestets vinger. Umiddelbart, blei ho med i Ceremonigjengen og arkivar i Jubileumskomitèen til 105-årsjubileet. Som del av Jubileumskomitèen fekk ho bygd eit nytt bord til Høna som framleis er i bruk! Etter jubilèet blei Anna Ceremonimester, og påfølgande år blei ho Kanzler.

Som Ceremonimester arrangerte Anna festar og andre arrangement for bygningsstudentane. Ho deltok også på andre studielinjer sine arrangement. På eit nach på Høna i løpet av døgnets tidlegaste stunder mista ho, og resten av Hovedstyret, adgangskortet etter eit immatrikuleringsball. 

Etter tida som Kanzler blei ho, naturlegvis, Vicekanzler. Samtidig var Anna også barservitør på Lyche. Der serverte ho tørste og svoltne studentar. Som ein følge av dette, blei ho ofte ein fast inventar/servitør på Bjelkeklangs øvingspils! Etter tida i Hovedstyret blei ho instituttstillitsvalt.

Tittelforklaring:

Vervet på Lyche var ikkje det einaste utruskapet Anna har utført gjennom studeitida. Under UKA21 var Anna stuntegeneral, trass i hennar mindre imponerande akrobatiske talenter. Kombinert med bidraget hennar til Aarhønen har ho derfor blitt tildelt tittel H.H. Stunthøna. 

Tildelt:

2022 – Hennar Majestets 109. fødselsdag