Bakgrunn for heidersteikn: 

Nils blei immatrikulert ved kongens nærvær i 1923, noko som gav den sjølvtitulerte “kongelig norsk ingeniør”. Kullet hans er også dei siste som blei undervist av professor Gunstensen.

Nils blei uteksaminert frå NTH i 1927. Etter kortare opphald ved Norsk Hydro og som vitskapleg assistent ved NTH, begynte han som høgskulestipendiat i 1930.  Mellom 1932 og 1936 jobba han med bygningsstatikk og stårlbruer ved NTH. I 1937 til 1938 underviste han i bygningsstatikk. Etter dette begynte han som bestyrar og overlærar ved Sørlandets og Bergens tekniske skule. 

Tittelforklaring:

Som tilsett ved NTH fekk Nils studera Gunstensens grafiske statikkmetodar, og blei seinare tildelt den uoffisielle tittelen “nordenfjeldsk mester i A-polygonen”. Tau er symbolet for skjerkrefter i bygningsstatikk. Tittelen er truleg ein kombinasjon av dette.

Tildelt:

1938 – Hennar Majestets 25. fødselsdag