Bakgrunn for tildeling av heidersteikn:

Olav Heggstad blei tilsett som professor i “vandbygning” ved NTH i 1910. Han var utdanna  ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt og den tekniske høgskulen i Dresden.

I Norge er han mest kjent for kraftutbygginga rundt Rjukan. Han har også bidratt til vasskraftsutbyggingar i Storbritannia og Tyskland. 

Ved NTH etablerte han eit vassdragslaboratorium, som skulle hjelpa til med dimensjonering av framtidige vasskraftsprosjekt. Etter den andre verdskrigen blei ansvaret overført til det kommande SINTEF-avdelinga, Hydrologi og Vassdrag. 

Olav var rektor ved NTH i to periodar. Fyrst mellom 1929 og 1933, og deretter mellom 1942 og 1945. I den andre perioden dreiv Olav administrasjonen åleine ettersom store delar av fakultetet nekta å samarbeida med okkupasjonsmakta. Olav var aldri medlem av NS eller uttalt nasjonalsosialist. 

Tittelforklaring:

Olav var professor innan  vassdragsteknikk, der ein reknar effekt i watt. Olav skal også ha vore svært glad i utleiingar og matematiske bevis. Det er nok også truleg eit ordspel på å vera vasstett. Han fekk dermed tildelt høgheitsnamnet Watsproof. 

Tildelt:

1930 – Hennar Majestets 17. fødselsdag