Bakgrunn for tildeling av Heidersteikn:

Petter Aune blei fødd på Grong i 1926. Far hans var oppsynsmann på Nordlandsbanen, og Petter viste raskt interesse for snekkararbeid. I løpet av realskulen viste Petter gode emner innan realfag og blei uteksaminert frå bygnigslinjen ved NTH i 1950.

Gjennom heile hans yrkesaktive liv var han knytta til NTH/NTNU, og underviste faget trekonstruksjonar i nesten 40 år. Han skreiv også fagbøkene nytta som blei ved NTNU. Petter var også sktiv i etableringa av trestandard for norsk og, seinare, europeisk bruk. 

Petter var med på å etablera eit internasjonalt nettverk gjennom forskingsperiodar i USA og England. Han var også eit aktivt medlem av Fortidsminneforeningen i mange år. Seinare var han også medlem av ei internasjonal prosjektgruppe for vurdera tilstanden til russiske trekyrkjer. Han har også publisert ein artikkel i American Scientific om stavkyrkjer. 

Petter var ein svært sosial og var svært aktiv i Aarhønen. Han var Regent mellom 1981 og 1985. Han var også Overpunsjbollemester mellom 1968 og 1993.

Tittelforklaring: 

Petter Aune var professor i trekonstruksjonar, og fekk tildelt høgheitsnamnet Trebinderen.

Tildelt:

1968 – Hennar Majestets 55. fødselsdag

1974 – Hennar Majestets 61. fødselsdag

1986 – Hennar Majestets 73. fødselsdag