Bakgrunn for heidersteikn:
Per Kristian blei uteksaminert frå NTH i 1963. Før dette var han Formann, og ein vikitg initiativtakar til inkluderinga av det kvinneleg kjønn i Aarhønen. Han var også med inkludert i initieringa av eit nordisk samarbeid med Stockholm og Helsinki. Under UKA-63 var sjef for Salget. I 1962 stal han, og resten av UKEstyret, Hans Majestet Grisen. Det spekulerast i at dette la grunnlaget for kidnappinga av den fyrste Regina.
Etter endte studier jobba Per Kristian i Oslo og California. I 1980 blei han dosent og, seinare, professor i stålkonstruksjonar. Han underviste også i konstruksjonslære. I mellomtida skreiv han også fleire bøker om NTHs historie og om stålkonstruksjonar.
Per Kristian var berykta for lange forelesingar og omfattande mengde med notater. Det blir likevel hevda at studentane fekk med seg det som blei sagt trass i høgt tempo.
I åra medan Per Kristian var professor fekk han rundt 20 UKEfunk-statusar ved å snurra rulett i UKAs casino. Han skal ha stilt totalt uførebudd på ei forelesing på ein måndag 1989 grunna G-dag den helga, og trengte absolutt heile søndagen på å komma seg.
Tittelforklaring:
Tildelt:
1963 – Hennar Majestets 50. fødselsdag
2014 – Hennar Majestets 101. fødselsdag