Bakgrunn for heidersteikn:  

Ole Didrik var professor i veg- og jenbanebygging ved NTH frå 1946 til 1965. På 1920-talet bidrog han til bygginga av Flåmsbanen og Hardangerbanen. Mellom 1933 og 1938 jobba han som ingeniør, og i leiarstilling, på den transiranske jernbanen. Etter sluttføring av jernbane blei Ole Didrik i Iran. I 1941 blei Iran okkupert av britiske, amerikanske og sovjetiske troppar for å hindra Tyskland å få tak i oljeressursane i landet. For å nytta ressursane sjølv bygde dei allierte mykje infrastruktur under krigen, noko Ole Didrik bidrog med. I løpet av krigen blei det bygga 6000 kilometer veg, samt nye flyplassar og vidareutvikling av jernbanen. Frå 1941 var han norsk generalkonsul i Iran.

I 1944 forlot han Iran. Dei påfølgande åra arbeida han i Kairo og Addis Abeba. I sistenemnte by var han personleg rådgivar for keisar Haile Selassie. 

Det var også populært at Didrik deltok på studentfestar og i miljøet elles. Ved ein høgtideleg anledning fekk han vervet som voktar av Aarhønen, under tittelen H.H. Veivokteren – «On the Road to Mandalay»! Han har også hatt den serimonielle tittelen som Viseregent.

Tittelforklaring:

Mandalay er Myanmars nest største by og tidlegare hovudstad. On the Road to Mandalay er eit dikt av Rudyard Kipling, som det blei satt musikk til tidleg på 1900-talet. Høgheitsnamnet kjem frå sangen sin populariteten i samtida, kombinert med Ole Didriks stilling som vegingeniør. 

Etter den andre verdskrigen har namnet fått dobbel tyding. Bygginga av den transiranske jernbanen og vegnettet i Iran sikra dei allierte sitt petroleumsbehov under krigen, og måtte transportera produkta gjennom Britisk India. Mandalay var ein vikitig by i kolonien.

Tildelt:

1933 – Hennar Majestets 20. fødselsdag

1947 – Hennar Majestets 34. fødselsdag

1958 – Hennar Majestets 45. fødselsdag