Bakgrunn for heidersteikn: 

Else var Aarhønens fyrste kvinnelege Kanzler (då: Formann) og leia Aarhønen gjennom 60-årsjubileet. I perioden hennar begynte også planlegginga av Lerkendalsbygget, der Else var studentrepresentant. Ho er karakterisert som ein svært engasjert og pliktoppfyllande person.

I Elses tid var byggstudiet svært mannsdominert. Det blei berre immatrikulert 32 jenter mellom 1964 og 1974. Det var rundt 150 byggstudentar per kull i same periode. Likevel var det svært aktivt kvinneleg miljø på NTH på 70-talet, og Else syntest det ikkje var ekstraordinært å stilla til Aarhønens fyrste kvinneleg Formann. Ho treivst godt på studiet og ho kunne berre erindra ein negativ kommentar frå ein mannleg medstudent gjennom studiet. 

I ettertida har ho til ofte vore med på møter og fester i rikt monn. Ho var, eksempelvis, ein viktig bidragsytar til historieboka angåande byggstudiet på 70-talet.

Tittelforklaring:

Else møtte ikkje opp på fire rettsakar, og blei dermed tildelt tittelen H.H. When Else?.

Tildelt:

2013 – Hennes Majestets 100. fødselsdag