Bakgrunn for heidersteikn: 

Leif blei uteksaminert frå NTH i 1930. Han var Formann i to semester, hausten 1928 og våren 1929, noko som var dobbelt så langt som vanleg før den moderne Kanzler-ordninga. Han var også Formann i NTHIs fridrettsgruppe og Sekretær i NTHI-styret.

Etter studia jobba han for Selmer og Borregaard før han blei teknisk inspektør i diverse skadeforsikringsselskap. 

Tittelforklaring:

Leifs kallenamn var Krølle. Det er usikkert om dette er pga. hårstilen under studietida eller ein meir intern historie/vits. Derimot er namnet H.H. Krøllethet ein naturleg vidareføring av kallenamnet. 

Tildelt:

1929 – Hennar Majestets 16. fødselsdag