Bakgrunn for heidersteikn: 

Før studia hadde Per jobba som sjømann og fruktbonde i USA og Canada. Ifølge Per sjølv blei han berre ingeniør fordi foreldra hans ønska det, og som følge av dette “manglet jeg aldri fester og rangel”.  Han var ikkje aktiv på Samfundet, men på Studenterhytta. Han skildrar UKA som “naturligvis rangler [jeg] hele studenteruka når det var revy og og mistet da helt en hel uke uten å vite hvor den blitt av”. Han hadde ikkje bøker dei fyrste to åra, “men gikk i dødsbataljonen og klarte 2,8 i hovedkarakter etter at det akademiske alvoret endelig hadde fått overhånd”. 

Per blei uteksameninert frå NTH i 1929. Hausten same år blei han tilsett for Empresas Electricas’ avdeling i Brasil. Der jobba han med damkonstruksjonar, kraftanlegg og filtreringsanlegg. Han utførte også mindre prosjekter som fisketrappar og kanalar. I 1932 begynte han som sjølvstendig næringsdrivande og utførte prosjekter for byen São Paulo. I denne perioden foretok han ein ekspedisjon til Paraná. Der fann han “rike blyminer, reiste på de store elver sammen med indianere og opplevet meget”. Etter ekspedisjonen var han resident engineer på Rio Grande Dam-prosjektet utanfor São Paulo. Der utarbeida han, mellom anna, nye formlar for utrekning av fordamping frå magasin. Fram til slutten av krigen bygde han ut kraftanlegg, dammar, hamnar og bruer i Brasil. I 1945 blei han tilsett som ingeniør i Bergen. Det er uvisst kor lenge han var heime før han dro tilbake til Brasil, der han blei livet ut. 

Tittelforklaring:

Per var formann for utarbeidinga av den nye Aarhøneordenen (Granbar-/Høgheitsordenen) i 1929, som han blei fyrste medlem av same år. Han blei opprinneleg tildelt namnet Merkedsmadr, Mor til merket (granbardaljen). Dette er seinare justert til H.H. Merkedsmannen.

Tildelt:

1929 – Hennar Majestets 16. fødselsdag