Bakgrunn for heidersteikn: 

Knut blei uteksaminert frå NTH i 1943. Han var Kanzler i perioden 1942-43. I perioden blei det arrangert påsketurar til Trollheimen, illegale skiturar i Bymarka og kvelder med skandinaviske filmar. Tyske filmar var studentane prinsipielt imot. Aktiviteten var generelt låg grunn okkupasjonen, og kalasa bestod derfor primært av små hybelfestar.

Etter krigen starta Knut i entreprenørbedrifta til faren og i Norsk Jernverk. I 1952 flytta Knut til Montreal i Canada. Han tilbragte, tilsynelatande, resten av livet sitt der.

Tittelforklaring:

Høgheitsnament er eit ordspel på etternamnet. Det blei også brukt bestemt tittel og han blei derfor ikkje H.H.. Slike titlar var meir vanlege i starten av Aarhøneordenen, men fekk ein liten renessanse på 1940-talet.  

Tildelt:

1943 – Hennar Majestets 30. fødselsdag