[Stillingsannonse] Kan du gjere trafikkdata om til kunnskap?

Arbeidsoppgåver til stillinga

Vi ønsker å vere ein pådrivar i trafikksikkerheitsarbeidet innan samferdsle ved hjelp av teknologi slik at vi sikrar berekraftig samfunnsutvikling og trygge kvardagsvegar.

Ein sentral oppgåve vil vere å utarbeide trafikkanalysar i eigenregi-prosjekt, og vurdere trafikkanalysar som er utarbeid i forbindelse med eksterne planar. Du vil òg vidareutvikle trafikkstyringssystem for dei omlag 300 trafikksignalanlegga i bergensområdet, og delta i lokale og nasjonale utgreiingar og innovasjonsprosjekt. Det vil vere noko sakshandsaming og kommunikasjon med blant anna Statens vegvesen, Vegdirektoratet og kommunar knytt opp til nye og eksisterande signalanlegg.

Hos oss kan du forvente

Om du ønsker å sette retning, oppleve lagfølelse og tillit, så er dette arbeidsplassen for deg!

Vi kan love deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med faglege komplekse utfordringar og mykje autonomi. Det vi gjer betyr mykje for innbyggarane og omgjevnadene. Vi set verdiane våre; open, modig og kompetent høgt. Vi støttar og utfordrar kvarandre i kvardagen. Seksjonen har eit svært godt arbeidsmiljø med 24 kompetente og engasjerte kollegaer. Det er gode moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling.

I denne stillinga er det fleksitid og sommartid. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn og stillingstittel etter avtale.

Kven er du? 

Til denne stillinga er det naudsynt med ein relevant bachelor- eller mastergrad. Har du erfaring med trafikkstyring og signalanlegg er det eit pluss, men ikkje eit krav. Det er ønskeleg med kunnskap om trafikkmodelleringsverktøy som til dømes Aimsun, Sidra og Crossig på mikronivå. Synfaring er viktig for dei gode løysningane. Det er difor ønskeleg med førarkort klasse B.

Dei personlege eigenskapane vi ser etter i denne stillinga: 

Analytisk
Korleis vil ei utbygging på 300 bustader påverke trafikken og framkomsten til kollektiv, gåande og syklande? Dersom man aukar grøntid til gåande i eit signalanlegg, korleis vil dette påverke trafikkflyten for anna trafikk? For oss betyr analytisk det å kunne sjå detaljar i analysar og samtidig kunne vurdere korleis dette vil ha innverknad på eit enkelt kryss, nærområde eller regionen som heilskap.

Sjølvstendig, men også en lagspelar
Du vil rettleie med din fagkunnskap i ulike prosjekt og planar internt og eksternt. Du vil også arbeide sjølvstendig med dine oppgåver og prosjekt. Om du liker å samarbeide med kollegaer innan ulike fagområde, og samtidig ha tid til dine eigne prosjekt og oppgåver, så er dette en stilling som kombinerer dette på ein god måte.

Kommunikasjon
Om du klarar å forklare kompliserte og tekniske begreip på ei enkel måte, så er du den vi ser etter. Vi forvaltar for fellesskapet, og samarbeider med både ekspertar og andre som ikkje har same fagkunnskap som oss. Det er derfor viktig for oss å kunne rettleie og gje informasjon på ei slik måte at alle kan forstå, og vere ein aktiv deltakar i val av løysningar og retning for framtida.

Om dette er noko du synast verker spennande og givande å arbeide med, håper vi du vil søkje på stillinga. Kanskje det er du som vil vere med på å løyse utfordringar og syte for trygge kvardagsveger for menneske i Vestland fylke?

Når du søker stilling hos oss: 

Til denne stillinga er kompetansen din viktigare enn søknadsskriving. Du treng difor ikkje legge ved søknadsbrev til stillinga. Vi ønsker at du lagar ein utfyllande CV i jobbsøkarportalen (Webcruiter) som syner kva som gjer deg kvalifisert for stillinga.

Vi er opptatt av at du skal vere trygg på valet når du takker ja til å jobbe saman med oss. Du vil derfor få mulighet til en omvendt referansesjekk som betyr at du får ringe til en av dine potensielle kollegaer viss du ønsker det.

Har du spørsmål om stillinga før du søker er du sjølvsagt velkommen til å kontakte Mats Korneliussen, mob: 99341206

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søk her: https://240010.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4807205347?language=nn&link_source_id=0